Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".
Har du erfaring med HMS-arbeid og brenn for eit trygt arbeidsmiljø?
Me søkjer ein HMS-koordinator som kjenner seg igjen i våre verdiar Ærleg, Kvalitet og Framtidsretta, og som vil bidra til ein sterk sikkerheitskultur og ein helsefremmande arbeidskvardag for våre tilsette. Me ser etter deg som ynskjer å jobbe systematisk med drift og utvikling av leiingssystem for HMS, og som trivst godt med både operasjonelt og administrativt arbeid.
Stillinga rapporterer til leiar for kvalitet og HMS.
HMS-koordinator i Lingalaks AS skal:
Ønskelege kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Lingalaks tilbyr:
Arbeidssted | Norheimsund, Norge |
Søknadsfrist | 2024-11-24 |
Navn | Kristine Lorgen |
Stillingstittel | Leiar for Kvalitet og HMS |
Mobil | 95 85 50 01 |